Er Geir sine barn ulovlige innvandrere?

Denne siden er også tilgjennelig på: English

geircrop
Eg er norsk, fødd i Norge, og har to flotte døtre saman med kona mi som er australsk.

Døtrene våre blei fødd i Norge i 2005 og i 2007. Kona mi har budd her sidan 1998, har permanent busetjingsløyve her, og me har budd her i Norge mesteparten av tida etter dette. Kona mi er det du vil kalla svært godt integrert i det norske samfunnet.

Då døtrene våre blei fødde fekk dei fødselsattest og norske pass – akkurat slik som for andre norske born.

Fredag for to veker sidan heldt verden på å kollapsa for oss – eg leste ein tråd på Facebook, og skjønte at det med stort sannsyn var mogeleg at døtrene våre ikkje lenger var norske statsborgarar.

Dei er fødde i Norge, og eg kan berre ikkje forstå logikken UDI bruker som tek bort det norske statsborgarskapet deira. Eg er norsk, dei er fødd i Norge, har budd i Norge mesteparten av livet deira. Dei er enkelt og greitt NORSKE!!

Her er litt av bakgrunnen for saka vår:

Då døtrene våre blei fødd valgte me å oppholda oss i Australia noko tid for å vera saman med famile og vener, vidareutdanning for kona mi, og å la borna våre bli kjent med mor deira sitt heimland.

Eit born fødd av ein australsk statsborgar i utlandet kvalifiserer til australsk ”citizenship by escent”; dvs nedarva/erverva australsk statsborgarskap gjennom mor/far (dette er det same som for eksempel amerikanske statsborgarar som føder born her i Norge).

For å følga australske lovar og reglar kontakta me australske immigrasjonsekspertar før me reiste til Australia med den eldste dottera vår. Kona mi fekk – som naturleg var – informasjon om at dei kvalifiserte til nedarva statsborgarskap, og at dei såleis måtte reise inn i Australia på australsk pass. Skjema og prosessen med å få dette, vart ordna av kona mi. Som norsk statsborgar har eg ikkje noko med denne prosessen å gjere – aldri nokon signatur eller liknande.

Me fulgte alle australske reglar som blei gitt oss, og gjennom informasjonen me fann i Norge tolka me det klart som at døtrene våre kunne behalda det norske statsborgarskapet (i alle høve til dei var 22 år).

Eg vil og nemna at den australse immigrasjonseksperten fortalde oss at dei ville kunne behalda det norske statsborgarskapet livet ut. Dette har seinare blitt bekrefta for oss frå konsulat/andre norsk/australske foreldre. Så seint som 16. juli i år blei dette bekrefta for oss skriftlig frå eitt av dei norske konsulata i Australia.

Då den yngste dottera vår blei fødd registrerte igjen kona mi australsk nedarva statsborgarskap for henne.

I fjor flytta me tilbake til Australia pga familie der. Den opprinneleg planen var å vera i Australia opp til 12 månader.

Førre helg var rett og slett grusom. Me blei gradvis klar over at ein annan norsk statsborgar – ei norsk mor i Australia med born fødd i begge land – ikkje har hatt lov å reisa tilbake til Norge med familien hennar. Grunnen er at UDI tilsynelatande ikkje lenger reknar tvillingane hennar, som er fødd i Norge, som norske lenger. Det norske statsborgarskapet har blitt inndratt for deira australske far har tatt nedarva australsk statsborgarskap for dei.

For endå større forvirring – dotter hennar som er fødd i Australia har ingen problem – ho er lovleg både norsk og australsk statsborgar. Reglane er nemleg slik at eit born fødd av norske foreldre i utlandet er både norske og australske. Dersom altså døtrene våre heller var fødd i Australia enn i Norge så ville me lovlig hatt begge statsborgarskap for dei.

Tenke seg til – borna våre er meir norske dersom dei er fødd i Australia enn i Norge!!!

Informasjonen var mildt sagt forstyrrande. Har dei norske døtrene mine, fødd i Norge, og med meg som far, verkeleg mista det norske statsborgarskapet sitt? Har døtrene mine budd i Norge ulovleg mesteparten av livet sitt? Kva vil skje med dei no? Vil me nokon sinne ha lov til å flytta tilbake til Norge som ein familie?

Eg kan ikkje forstå at eg som norsk forelder har gjort noko galt. Eg har ALDRI signert eller på nokon som helst måte gitt mitt samtykke ovanfor myndigheiter at døtrene mine er registrert med australsk nedarva statsborgarskap. Dette er som sagt ovanfor, eit reint australsk forhold, og som fylgjer når kona mi får barn i utlandet. Me – dei norske foreldra – har enkelt og greit ikkje noko med det å gjere!!

Situasjonen virker veldig urettferdig. Australia ser ut til å vera eitt av dei få landa dette gir eit problem med UDI. For både Australia, UK, Canada, England osv vil deira statsborgarar ha krav på statsborgarskap ved arv. Norge har kun problem med Australia i lista over, og hevdar at du aktivt søker på nytt statsborgarskap i Australia når dei australske foreldra tek ”citizenship by descent” for borna. I Australia nyttast begrepet skjema/registrering/søknad om kvarandre i beskrivelsen av prosessen. UDI diskriminerer mot oss som har australsk partner, for dei seier – at i motsetning til f.eks med USA – må ein ”søknad” fyllast ut i det australske systemet.

Kan UDI verkeleg ha lov til å diskriminere mot oss berre fordi forskjellige system naturleg har forskjell i ordlyd? For alle landa lista over er det enkelt og greit ”CITIZENSHIP BY DESCENT” til barnet dette handlar om for ein forelder som får barn i utlandet. Det verkar så utruleg urettferdig!

Dette er så skremmande og deprimerande. Og det er berre ikkje rettferdig! Situasjonen der kona mi enkelt og greit bruker rettighetene sine som australsk statsborgar når ho får born i Norge straffer inndirekte døtrene mine, og dei kan ikkje fritt flytta tilbake til Norge for å bu saman med oss – foreldra deira….

Et barn som er født i Norge av en norsk far eller mor er ikke alltid norsk.

Publisert i historier
  • Torjus Eigestad

    I mine auger er de Norske….. Virker som politikerne ikke vet hva de holder på med.

  • toffendask

    JØSS. Dette er for dumt. Hva om to land har den samme regelen? Da har jo ungen INGEN pass plutselig? Dette kan ikke være lovlig. Lurer på hva EØS/EU har å si om dette. d